Maria Montessori
I Småbarnshuset får dei yngste barna oppleve ein trygg, roleg og forutsigbar kvardag. Her legg vi vekt på nært samspel med vaksne, rutinar som skapar tryggleik, og små, lystbetonte utfordringar som gir meistring og sjølvstende.
Barna utforskar verda gjennom sansane sine, rørsle og leik. Alt frå enkel matlaging til aktivitetar med Montessori-materiellet er tilpassa deira nivå og interesser.
06:45 – Barnehagen opnar
07:00–08:30 – Frukost, tannpuss, leik og lesestund
08:30–11:00 – Arbeidsøkt med aktivitetar eller tur i nærmiljøet
11:00–12:00 – Lunsj, barna sit ved bord tilpassa høgda si og lærer å delta i å lage maten
12:00–14:00 – Kvilestund eller rolege aktivitetar inne og ute
14:00–14:30 – Frukt/mellommåltid
14:30–16:30 – Arbeidsøkt, leik og utforsking, inne eller ute
Dagsrytmen gir tryggleik samtidig som barna får moglegheit til å oppleve meistring, nysgjerrigheit og glede i kvardagen.